Hopp til innhold

Brann knuste Sogn og Fjordane

FLORØ: Men etter kampen var Brann-trenar Lars Arne Nilsen mest oppteke av å hylle treningsleiren i Florø.

Lars Arne Nilsen

KOSAR SEG: Lars Arne Nilsen fortel at han nyt dagane i Florø.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Det går ikkje an å få det betre. Vi har blitt tatt imot på ein fantastisk måte.

Det seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen etter at dei feide det samansette laget frå Sogn og Fjordane av bana med sluttresultatet 8–0 på Florø Stadion. Brann dominerte kampen frå start, og leia 3–0 til pause. I slutten av andre omgang kom det fleire bytter frå begge lag, som resulterte i ein aldri så liten målfest på Florø Stadion.

– Det var fleire spanande spelarar på Sogn og Fjordane-laget, men det er vanskeleg å sette saman eit slikt lag. Så motstanden var ikkje allverda, fortel Nilsen.

Også Azar Karadas, som er frå Nordfjordeid, skryt over opplegget dei har vorte servert i Florø denne veka. Brann har sidan onsdag hatt fleire treningar på Florø Stadion, og skal vere i byen til og med laurdag.

Azar Karadas

HYLLAR OPPLEGGET: Azar Karadas trivst svært godt i Florø.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Fantastisk, alt er tipp topp og heilt prikkfritt. Vi er veldig takksame for at vi får begynne haustsesongen her i byen. Det har vore nokre tøffe treningar, men det er sånn det skal vere, fortel kraftpluggen.

– Viktig for dei lokale spelarane

Florø-trenar Terje Rognsø var mannen som fekk oppgåva om å leie det samansette laget frå Sogn og Fjordane. Sjølv om dei fekk ei aldri så lita fotballeksjon, så trur Rognsø at det er akkurat slike opplevingar dei unge spelarane treng.

– Det viktigaste er at dei får sjå kor lista ligg. Og det får dei verkeleg i dag, Brann visar mykje bra i dag.

Terje Rognsø

TØFF MOTSTAND: Terje Rognsø var kampleiar for laget frå Sogn og Fjordane.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Anders Sørensen spelar til vanleg for Florø Fotball. I dag fekk han prøve seg i 60 minutt mot eliteseriemotstand.

Anders Sørensen

ARTIG: Anders Sørensen var godt nøgd med å få spele mot brann, sjølv om det enda med 8-0-tap.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Det er kjekt å samle spelarar frå forskjellige klubbar. Vi er ikkje samspelte, men i periodar speler vi ok. Vi får ta med oss det bra ut av kampen, fortel Sørensen.

Myrkaskog imponerer på trening

Det var før kampen knytt spenning til om Førde-spiss Øystein Myrkaskog skulle få vise seg fram i Brann-drakta. Myrkaskog har lenge vore på radaren til eliteserielaget, og har delteke på to treningar med Brann denne veka. Men på grunn av Førde sitt kampprogram vart han ikkje teken med i troppen som skulle møte Sogn og Fjordane. Brann-trenar Nilsen fortel uansett at 27-åringen har imponert.

– Det er ein fin type, med spanande ferdigheiter. No skal vi først og fremst bli kjend med han, og så tar vi det derifrå.

Og Azar Karadas delar synet til Nilsen.

– Eg kjenner til Øystein frå før. Han har eit bra potensial. Eg veit ikkje kva som kjem til å skje, men det er kjekt at han får vise seg fram. Han har i alle fall ikkje gjort seg bort på treningane.