Det var stor optimisme før kampen, men Bergenslaget var overlegne frå starten av. I det 23. minuttet scora Arve Walde det første målet for Brann og til pause stod det 4-0 til bergensarane. Etter pausen fortsette Brann å visa musklar og kampen enda med heile 9-0 til tippeligalaget.
- For sterke
Lagleiar for fylkeslaget i Sogn og Fjordane, Stian Neset meinar spelarane gjorde sitt beste, men at Brann vart ein altfor sterk motstandar. Han seier dei ikkje hadde venta å tapa så mykje.
Dei unge fotballtalenta i fylket, Per Egil Flo, Nicolay Øveraas og Peter Orry Larsen hadde ikkje høve til å vera med på kampen, men Neset trur ikkje resultatet ville vore annleis.