Hopp til innhold

Brann reiser til USA med fire tidlegare Sogndal-spelarar

Ikkje mindre enn fire tidlegare Sogndal-spelarar blir med Brann på treningsleir i USA. To av desse spelte for Sogndal i fjor.

Ulrik Flo og Thomas Drage

TIL BRANN?: Både Ulrik Flo, her i kamp for Sogndal mot Brann, og Thomas Drage (t.h.) reiser med Brann på treningsleir i Florida.

Foto: Fotomontasje / NRK

Oppdatert 23.01.16: Ulrik Flo reiser likvel ikkje til USA med Brann laurdag morgon. Stryningen er i forhandlingar med ein annan klubb, skriv Bergens Tidende.

Den nyopprykka bergensklubben har med seg både Ulrik Flo (27) og Thomas Drage (23) når dei laurdag reiser til USA og treningsopphald i Bradenton i Florida.

Det gjer også tidlegare landslagsspelar Daniel Braathen, som i fjor spelte for Vålerenga.

Azar Karadas

SOGNDAL: Azar Karadas har tidlegare spelt for Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Alle er ledige på marknaden og har takka ja til å trene med Brann under opphaldet i Florida, melder klubben på sine nettsider.

Prøvde lukka

Kontraktlause Flo starta sesongoppkøyringa med Sogndal, etter at han valde å ikkje forlenge kontrakten med Odd Grenland.

Siste tida har han hatt fleire treningar med Brann og har gjort sakene så godt at dei ynskjer å sjå meir av han under treningsopphaldet i USA.

Piotr Leciejewski, Sogndal

KEEPER: Piotr Leciejewski vart kjend som ekspert på redde straffer i tida som Sogndal-spelar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Drage valde på si side å ikkje forlenge med Sogndal etter fjorårssesongen. I mellomtida har han prøvd seg med den engelske Championship-klubben Barnsley utan å få kontrakt der.

Under opphaldet i Florida får trioen også prøve seg i kampsituasjon når Brann møter svenske Jönköping 5. februar.

Drage og Flo er ikkje dei einaste i Brann-troppen med bakgrunn frå Sogndal. Også keeper Piotr Leciejewski og eidaren Azar Karadas har fleire sesongar på Fosshaugane Campus.

P.S. Eidaren Oliver Rotihaug er ikkje med på treningsleiren, melder nettsidene til Brann. Han trenar for tida med Åsane, der han spelte treningskamp torsdag kveld.