Hopp til innhold

Brann i semitrailer på E16

Trekkvogna brann opp, men ingen personar kom til skade då ein semitrailer lasta med papir tok fyr på E16 i Lærdal.

Vogntog-brann på E16 i Lærdal

UTBREND: Berre skalet er att av semitraileren.

Foto: Jan Christian Jerving

Føraren av det utanlandske vogntoget skal sjølv ha komme seg uskadd ut då det byrja å brenne ved Borlaug øvst i Lærdalsdalen.

– Vi fekk melding om brannen klokka 19.03. Den var sløkt klokka 19.54, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Brannvesenet makta å avgrense brannen til trekkvogna som står att heilt utbrend i vegbana.

– Vi kjenner ikkje til årsaka til brannen. Den spreidde seg ikkje til lasta, men vogntoget blir ståande litt for å kjølne, før det blir fjerna av bilbergar.

Hovudvegen mellom Bergen og Oslo har vore stengd i om lag ein time som følgje av brannen.

– Det vil om få minutt bli opna for manuell dirigering, opplyser Holme like etter klokka 20.

Vogntog i brann i Lærdal

BRANN: Det brenn kraftig i vogntoget som står på E16.

Foto: Alexander Øren Heen
Laster Twitter-innhold
Borlaug