– Det var ein nabo som varsla naudetatane om at det stod flammar ut av taket, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.
Det var like før midnatt at naudetatane blei varsla om ein brann i eit bustadhus ved Salt i Selje.
Huset var overtent då naudetatane kom fram til staden, melder politiet.
– Ein person pusta inn røyk, seier Magnussen.
Gjennom heile natta har brannvesenet jobba med å sløkke brannen, då han blussa opp igjen fleire gonger. Alarmsentralen opplyste rundt kl. 05.45 at brannen var under kontroll og at brannmannskap jobba med å kjøle ned kjellaren i huset.
Huset har fått store skadar innvending.
Ved i kjellaren gjer sløkking vanskeleg
– Sjølve huset gjekk greitt å få sløkt, men i kjellaren og utanfor huset er det lagra store mengder ved, fortel brannsjef i Selje og Eid, Geir Petter Hatlenes.
Brannvesenet jobbar framleis med å få kjøla ned veden i kjellaren nok til at dei kan gå inn og hente han ut.
– Det er eit gamalt tømmerhus med mykje holrom som gjer at det er utfordrande å få sløkt brannen, seier Hatlenes.
Det var to personar i huset då brannen starta. Begge kom seg ut i god behald.
Det ligg ein driftsbygning i nærleiken, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg.
Politiet har gjort undersøkingar på staden, og veit førebels ikkje noko om brannårsaka.