NRK Meny
Normal

Brann i næringsbygg på Nordfjordeid

Brannvesen, helsevesen og politi rykte ut etter melding om brann ved West Mekan Produksjon på Malakoff i Nordfjordeid.

Brannvesen, helsevesen og politi har rykt ut til West Mekan Produksjon på Malakoff i Nordfjordeid.

KORT VEG: Brannvesenet held til i nabobygget, og var raskt inne med røykdykkarar. Foto: Silje Guddal.

– Det var mykje røyk, men vi fekk raskt kontroll over brannen, får NRK opplyst frå politiet på staden.

Alle personane har kome seg ut, og ein person vart sendt til legesjekk etter å ha pusta inn røyk. Klokka 12.06 melder politiet at brannen er under kontroll, og at den starta i ei støvvifte i samband med metallarbeid.

– Brannvesenet var raskt på staden, for dei held til i nabobygget, seier Frode Eide ved alarmsentralen.

Laster kart, vennligst vent...
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast