Hopp til innhold

Måtte rykke ut til brann i Luster - stabel med materiale hadde tatt fyr

Politiet fekk i natt melding om brann i fjellsida i nord for Kroken i Luster. Brannårsaka var truleg bålbrenning.

Brann Luster

BRANNVESENET VART KALLA UT TO GONGAR PÅ EITT DØGN: I Luster sløkte brannvesenet to brannar på eitt døgn.

I eitt tida fekk politiet og Brannalarmsentralen melding om at det var observert brann oppe i fjellsida nord for Kroken i Luster.

Brannvesen rykka ut til staden. Dei konstaterte at det brann i materialar som låg stabla ved ein nedlagt gard. Årsaka til brannen er truleg bålbrenning.

Der var ikkje personar til stades.

Brannalarmsentralen opplyser at alt mannskap vart kalla tilbake klokka 0545.

Luster brannmannskap var tidlegare på kvelden kalla ut for å slokke ein brann i eit eldre bustadhus i Luster.

Ni mann frå brannvesenet måtte komme seg over fjorden frå Solvoren fordi FV 331 er stengd ved Skjolden. Ferja låg klar når dei kom på kaia, så Brannalarmsentralen opplyser at mannskapet var over om lag like raskt som det er å køyre rundt.

Saka vert vidare etterforska av politiet.