Hopp til innhold

Kvinne hoppa frå tredje etasje for å berge seg frå flammane

Ei kvinne er send med luftambulanse til Haukeland sykehus i Bergen etter at ho hoppa frå tredje etasje då det braut ut brann i eit leilegheitskompleks i Dale i Fjaler.

- Vi fekk melding 15.22 om brann ein bygning. 16.52 har vi fått opplysningar om at dette er ei bygning med tre etasjar som inneheld fem leilegheiter. Ei av leilegheitene var utleigd, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Bygget som tidlegare husa ekspedisjonen på kaia i Dale, vart for nokre år tilbake bygd om til leilegheiter.

– Ei kvinne var i huset då brannen starta. Ho måtte ta seg ut av huset frå tredje etasje og er vorte teken hand om av ambulansepersonell. Vi kjenner ikkje til tilstanden til kvinna, seier Holme.

Kvinna skal ha vore i huset i samband med reinhald.

Holme kan ikkje svare på om det var fleire i bygget då brannen braut ut.

– Det har vi ikkje informasjon om, seier Holme.

Brannvesen og politi er på staden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flammer

FULL FYR: Ifølgje augevitne skal bygget ha vorte overtent på svært kort tid.

Foto: Lesarbilete

Utvikla seg raskt

Ordførar i Fjaler, Arve Helle, såg brannen med eigne auge.

– Heile bygningen er i full fyr. Slik eg oppfattar dette må det ha vore ganske eksplosjonsarta, seier ordførar Arve Helle.

Helle fortel at brannen må ha utvikla seg svært raskt.

– Vi har eit operativt brannvesen midt i sentrum, men omtrent før alarmen gjekk, var heile bygningen i full fyr. No vil sikkert etterforskinga syne dette, men for meg ser det ut til at dette må ha skjedd veldig kjapt, seier Helle.

Han fortel om stor røykutvikling i heile sentrum.

– Eg ser ikkje heile bygningen frå der eg er no, men eg ser nok til å kunne seie at alt er overtent. Det stig opp masse, svart røyk, seier Helle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Dale
Foto: NRK-tipsar / NRK

Uvisst om det var folk der

Helle kjenner ikkje til om det var folk i bygget då det tok til å brenne.

– Det anar eg ikkje. Det er eit leilegheitskompleks der det stort sett bur turistar. Men det har også budd folk der i samband med brubygginga. Men eg anar ikkje om det var folk i leilegheitene, seier Helle.

Han fortel at også luftambulansen var på staden.

Brannen har ikkje spreidd seg

Bygningen som står i brann, ligg svært nær Elis sine lokaler i sentrum.

– Det ser heldigvis ikkje ut til at noko har spreidd seg dit, seier Helle.

Han fortel at på røyken å dømme ser det ut til at det bles utover.

– Vi skal vere veldig glade for at det brenn den vegen, seier Helle.

Ferja M/S Florøy ligg like ved og deltek i sløkkinga. Mellom annan sprutar ferja vatn på bygget der Elis AS held til, for å unngå at nabobygget tek fyr.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.