Hopp til innhold

Brann i hus på Nordfjordeid – ung gut redda seg ut

Eit hus på Nordfjordeid sentrum byrja torsdag morgon å brenne. Ein person redda seg ut av huset, og brannen er no sløkt.

Bustad byrja brenne på Nordfjordeid.

BRANN: Ein person berga seg ut frå underetasjen av huset som byrja å brenne torsdag morgon.

Foto: Tormod Flatebø / Fjordabladet:

– Ti på halv ni fekk vi melding om sterk røykutvikling i eit hus i Eid sentrum, seier Espen Rysjedal ved Alarmsentralen.

Politiet melder klokka 08.40 at brannen er sløkt. Ein person er send til sjukehus etter å ha pusta inn røyk.

– Ein ung gut kom seg ut, og han meinte at det ikkje var fleire i huset, seier Rysjedal.

Røykdykkarar vart sende inn for å undersøkje om det var fleire til stades. Det skal ikkje ha vore fare for spreiing.

– Det stod ikkje flammar ut av huset, men det har vore sterk røykutvikling, seier Rysjedal.