Hopp til innhold

Brann i Høyanger natt til måndag

Politiet leita natt til måndag etter mistenkte då eit søppelspann stod i full fyr i Høyanger.

Høaynger

– Vi mistenkjer at brannen er påsett. Det er ikkje noko naturleg brannkjelde der det brann, seier Eivind Hellesund, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Klokka 02.40 fekk brannvesenet melding om at det brann i eit skur ved kunstgrasbana i Høyanger sentrum. Brannen var i eit søppelspann ved innbytarbenken.

Både politi og brannvesen rykka ut. Brannvesenet sløkte brannen rett over klokka 3.

– Politiet leita rundt i området utan at dei såg nokon mistenkte, seier Hellesund.

No blir brannen politisak.

– Lokalt politi vil følge dette opp på dagtid måndag, seier Hellesund.

Laster Twitter-innhold