Hopp til innhold

Brann i einebustad på Kyrkjebø

Brannvesenet har no kontroll på brannen i eit bustadhus på Kyrkjebø i Høyanger.

Brann på Kyrkjebø i Høyanger
Foto: NRK-tipsar

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 10.58. Ein person som var i huset kom seg ut ved eiga hjelp.

Det var ei stund kraftig røykutvikling, men røykdykkarane har avslutta arbeidet og det er ettersløkking på staden, seier vaktleiar Frode Korneliussen ved alarmsentralen i Florø.

– No driv dei med nedkjøling, situasjonen er under kontroll, og alt av flammar er slått ned. Det pågår riving av kledning på utsida for å forsikre seg om at det ikkje er att varme i veggane.

Ein nabo varsla Alarmsentralen og sa at ein mann har kome seg ut av huset. Situasjonen til mannen er framleis ukjend.

– Det er kraftig røykutvikling og brann utvendig i vegg og opp mot tak, sa vaktleiar Roy Humlestøl ved Alarmsentralen klokka 11.30.