Hopp til innhold

Brann i einebustad på Eid

Brannvesenet rykte ut til ein brann i ein einebustad på Eid i kveld. Politiet er også på veg, men brannvesenet hadde raskt fått sløkt brannen med pulver. Ifølge politiet er det ikkje snakk om store skader, men det skal ha vore meldt om flammar på ulike stader i bustaden. Bebuarane kom seg ut sjølv, og det er ikkje snakk om personskadar.