Hopp til innhold

Frykta brann i uthus skulle spreie seg

To personar måtte evakuere frå eit bustadhus etter at det tidleg tysdag morgon vart meldt om brann i eit uthus i Eikefjord.

Brann i uthus i Eikefjord

RASKT SLØKT: Det skal ikkje ha vore folk i uthuset då brannen starta. Uthuset har fått ein del skader i brannen.

Foto: NRK-tipsar

Brannen vart meldt klokka 06.09, og naudetatane rykte ut. Brannvesenet rykte ut frå både Eikefjord og Flora og fekk raskt kontroll på brannen. Ifølgje Alarmsentralen ligg uthuset i området nordvest for skulen i sentrum av Eikefjord.

– To personar som var i nabohuset er evakuerte, seier vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen.

Det var dei som budde i nabohuset som oppdaga brannen og fekk varsla naudetatane.

– Utfordringa er at uthuset som brenn står berre tre til fire meter frå bustadhuset, seier Korneliussen.

Brannmannskapa på staden melde like før klokka 0630 tilbake til Alarmsentralen at dei hadde fått kontroll på brannen. Det var då ikkje lenger fare for at brannen skulle spreie seg til nabohuset.

– Sjølve flammane er sløkte, og brannmannskapet held no på med å kjøle ned grunnen, seier Korneliussen til NRK.no like før klokka 07.

– Korleis har det gått med dei to personane i nabohuset?

– Ut frå dei tilbakemeldingane vi har fått, så står det bra til med dei.

Alarmsentralen kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen. Politiet vil starte brannetterforsking.

Brann