Brann i båt på Reed – frykta propanflasker i båten skulle sprenge

Brannvesenet og politi rykte tysdag kveld ut etter melding om brann i ein båt på Reed i Gloppen. Brannen er no sløkt.

Båtbrann på Reed

NÆR EIN FJØS: Båten skal ha brent berre nokre titals meter unna ein fjøs.

Foto: Anonym tipsar

Båten, som stod på land, brann ned. Grunna propanflasker i båten vart trafikk på Årdalsvegen, rundt området, stansa.

– Det er avsperra for å sikre at ikkje noko skal skje med omgivnadene, dersom behaldarane sprenger, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre.

Brannvesenet, som gjekk inn med røykdykkarar for å kjøle ned propanflaskene, har no også kontroll på dette. Sperringane på vegen er oppheva.