Hopp til innhold

Brann hos Marine Harvest

Naudetatane rykte søndag føremiddag ut etter melding om brann i oppdrettsselskapet Marine Harvest sine lokale på Hermansverk i Leikanger.

Brann ved Marine Harvest på Hermansverk

RASKT PÅ STADEN: Naudetatane rykte mannsterke ut då det braut ut brann i næringsbygget som rommar yngelproduksjon og settefisk til oppdrettsindustrien.

Foto: Tommy Bäckstrøm Vikdal

– Vi har fått tilbakemelding frå vår innsatsleiar på staden om at brannen no er sløkt, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 12.26.

Brannen i næringsbygget, som ligg nær busetnad på Hermansverk, vart meldt klokka 10.42.

Oksygentank gav brannvesenet utfordring

Då brannvesenet kom til staden var det kraftig røyk og flammar i det tekniske anlegget til bygget som blir nytta til produksjon av yngel og settefisk for oppdrettskonsernet Marine Harvest.

– Sløkkearbeidet har vore utfordrande grunna ein oksygentank på 10.000 liter. Det skal framleis vere mykje røyk på staden, men sjølve brannen er sløkt, seier Hope.

Det skal ikkje ha vore eksplosjonsfare knytt til oksygentanken.

– Det har heller ikkje vore nødvendig med evakuering av dei fastbuande i området rundt anlegget.

Artikkelen held fram under biletet.

Sygna Akvakultur (Marine Harvest) på Hermansverk

ANLEGGET: Tidlegare Sygna Akvakultur på Hermansverk er no eigd av Marine Harvest. Arkivfoto

Foto: Knut Henning Grepstad

Yngelen overlevde

– Kva veit ein om årsaka til brannen?

– Det er for tidleg å seie noko om. Ein held på med åstadsundersøking no, seier operasjonsleiaren.

Saka blir vidare etterforska av Sogndal og Leikanger lensmannskontor.

Brannmeister Leif Jørgen Grangård i Sogn Brann og redning opplyser til Sogn Avis at fiskeyngelen skal vere berga.

Marine Harvest sitt anlegg på Hermansverk var tidlegare kjent som Sygna Akvakultur. Ifølgje Brønnøysundregistra er det 14 tilsette ved avdelinga på Hermansverk.

Laster Twitter-innhold