NRK Meny
Normal

Brann er ute etter Badji

Brann vil sikre seg Stephane Badji frå Sogndal - men midtbanespelaren er ikkje til sals.

Stephane Diarra Badji
Foto: Arve Uglum / NRK

– I utgangspunktet er ikkje Badji i marknaden slik vi ser på det, seier sportssjef Håvard Flo i Sogndal Fotball til Bergens Tidende.

Brann har lenge leita etter ein erstattar for Rodolph Austin, og no meiner bergensarane at den rette spelaren kan vere Sogndal Stephane Badji. Utan at sportsadministrator Rolf-Magne Walstad vil stadfeste noko som helst.

– Badji er ein bra midtbanespelar i eliteserien. Vi veit om han. Han spelte mange gode kampar i fjor, seier han overfor Bergens Tidende.

– Vi har vore i dialog med Brann, men eg vil ikkje seie noko meir enn det, seier Flo.

– Badji er ein særs viktig person for Sogndal, og vi har rekna med han i 2013. Vi ønskjer at han skal vere hos oss for han eventuelt skal vidare til større oppgåver, seier sportssjefen til avisa.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy