NRK Meny
Normal

Brannen i terrenget blussa opp att

Det ulmar framleis i terrenget kring Lærdalsøyri. I natt byrja flammane å ta seg opp att i terrenget ovanfor brannstasjonen.

Storbrann i Lærdal

STORBRANN: I utgangspunktet skulle alt av brannar vere sløkte i Lærdal. I natt var det likevel nytt branntillaup i terrenget ovanfor brannstasjonen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det har i natt blåst kraftig austleg vind i Lærdal, noko som truleg er årsaka til at flammar byrja å ta seg opp att i terrenget ovanfor riksveg 5.

Vakthald i området varsla om branntilløpet like før klokka 05. Brannen vart raskt sløkt med eit brannsløkkingsapparat, men brannvesenet er på staden for å kjøle ned området.

– Det blussa opp att i terrenget. Området er stipulert til kring 4x5 meter, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Alarmsentralen opplyser at alle brannar i utgangspunktet skulle vore sløkte. Staden der flammane blussa opp att er langt frå bustader.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.