Hopp til innhold

Brandangersund-bru forseinka

Brua over Brandangersundet i Gulen blir forseinka i minst eitt år.

Brandangersundet

Det er klart etter at den tekniske godkjenninga av stålbrua enno ikkje er ferdig.

220 meter

Brua over Brandangerundet skal knyte Ytre Gulen til fastlandet, og erstatte ferja mellom Sløvåg og Skipavik.

Hovudbruspennet er på 200 meter, og skal ha ei siglingshøgde på 18 meter. Stålkonstruksjonen skal vere av ein vanleg type, men til no har konseptet berre vore brukt til bruer med to køyrebaner.

Det er ikkje tilfelle med denne brua, og dermed brukar Vegdirektoratet lang tid på teknisk godkjenning.

Gniten

– Når Vegvesenet tok dette opp med Fylkeskommunen for ei god tid tilbake, og dei spurda om å få lage den breiare, var ein kanskje litt for gniten, meiner Gulen-ordførar Trude Brosvik.

Ho seier all forseining er ille for Gulen, men stolar no på lovnaden om at brua skal vere ferdig neste år.

– Det er det vi har fått beskjed om, og eg håpar inderleg at det vil skje, seier ordføraren.

Kan forkludre seg meir

Aril Hanekambheim i Vegkontoret trur brua vil vere klar neste år, men utelukkar ikkje ei ytterlegare forseinking.

– I og med at vi ikkje har fått godkjenninga enno, kan det naturligvis forkludre seg enno meir. Men prosessen har kome så langt at det ikkje kan vere langt unna, meiner han.