Sjå valresultatet for Sogn og Fjordane fylke
Partiet gjer nemleg ein framgang på heile 3,2 prosentpoeng i høve til valet for fire år sidan. Heller ikkje den største motkandidaten, Tor Bremer og Arbeidarpartiet, gjer noko dårleg val. Med 26,4 prosent av røystene går også dei fram; med 0,2 prosentpoeng. Alt tyder difor på at veljarane i Sogn og Fjordane har sett på valet som eit fylkesordførarval med to markante kandidatar.
Dei to store taparane er KrF og Høgre. Begge går tilbake 4,3 prosentpoeng til høvesvis 7,3 og 9,8 prosent oppslutnad. Venstre lir mindre av regjeringsslitasjen og får også 9,8 prosent oppslutnad.
SV og FrP er vinnarar også i Sogn og Fjordane. Men på langt nær så markant som i resten av landet. Begge enda på rundt 8,5 prosent oppslutnad, som er langt under dei siste meiningsmålingane for partia.
Nils R. Sandal får truleg halde fram som fylkesordførar. (Foto: Randi Indrebø, NRK)