Hopp til innhold

Braksuksess for dagsturhyttene – no vil fleire følge etter

FØRDE (NRK): I løpet av sommaren vil alle kommunane i Sogn og Fjordane få si eiga dagsturhytte. Dei populære hyttene som alle kan bruke, vekker no interesse også utanfor fylkesgrensene.

Dagsturhytta på Naustdalkamben i Eid.

OPNING: Dagsturhytta i Eid opna i fjor sommar. Den ligg 493 moh.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg likar best å vere ute, seier fem år gamle Thomas Jakobsen.

Dagsturhytta i Førde har blitt ein populær turdestinasjon for både store og små. Dei siste månadane har hytta hatt over 7000 besøkande.

Thomas Jakobsen på fem år sit saman med dei andre barnehageelevane på dagsturhytta.

AKTIV: Fem år gamle Thomas Jakobsen trivst best med å vere ute. Han likar å gå opp til dagsturhytta, sjølv om han kan bli litt sliten.

Foto: Magnus Helle / NRK

Viktig for barnehagen

– Dagsturhytta har vore veldig viktig for oss, me har brukt den utruleg mykje, seier barnehagelærar på Vieåsen Iselin Stadheim.

Dei siste månadane har barna i Vieåsen barnehage i Førde vore på dagsturhytta om lag to gonger i veka. Inne i den vesle hytta er det bøker barna kan bruke når dei kjem fram. I barnehagen har dei merka ein forskjell på barna etter at dei begynte på turane sine.

Nynorsk fjellbibliotek på dagsturhytta i Gloppen

GLOPPEN: Alle hyttene har eit turbibliotek som alle kan bruke.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Me merkar ei klar betring på forma til barna. Dei brukar kortare tid opp hit no, enn kva dei gjorde i starten. I tillegg synest dei det er morosamt, fleire av barna spør om me kan reise opp hit, seier Stadheim.

Vieåsen barnehage var på tur til dagsturhytta i førde

SAMLEPLASS: Vieåsen barnehage i Førde er oppe på dagsturhytta

Foto: Magnus Helle / NRK

Utbygging i rasande tempo

I 2017 fekk Sandane den fyrste dagsturhytta. I løpet av 2019 vil alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane få si eiga turhytte. Besøkstala i Sogn og Fjordane har vore så bra at no viser andre delar av landet også interesse for konseptet.

– Me får veldig mange førespurnader frå andre kommunar og fylkeskommunar. Nokre kjem til og med til Sogn og Fjordane på studietur, for å kunne sjå hyttene, seier Atle Skrede som er idémakar og rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dagsturhytta i Gloppen

DAGSTURHYTTA I GLOPPEN: Designa på hyttene i fylket er likt, og dei er 15 kvadratmeter store.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Dagsturhytta i Gloppen kommune har vore i bruk i halvanna år no, og fyrste året hadde den 26 000 besøkande. Skrede trur det er fleire grunnar til at dagsturhyttene har blitt så populære.

– Det handlar nok sikkert litt om at folk er nysgjerrige no i starten, men eg trur også at mykje går på plasseringa til hyttene. Det at dei ligg nærme der folk bur, og både skular og barnehagar opplever nok at det er enkelt å besøke dei.

Atle Skrede på dagsturhytta i Gloppen

IDÉMAKAR: Atle Skrede er mannen bak dagsturhyttene. Her på dagsturhytta i Gloppen.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Ifylgje fylkeskommunen skal hyttene vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Det skal vere ein plass der folk kan søke ly frå vêr og vind, og kanskje nyte matpakka si. Skrede hadde ikkje rekna med at merksemda rundt hyttene kom til å bli så stor.

– Eg hadde stor tru på det prosjektet her, men eg hadde ikkje drøymt om at det skulle bli så stor merksemd rundt dagsturhyttene, seier idémakaren.

Dagsturhytta på Naustdalskamben i Eid kommune

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har blitt eit populært reisemål året rundt.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard