Hopp til innhold

Her hamna brakka som arkeologane skulle ha

Denne brakka skulle vere kontor for arkeologar, men i løpet av natta har vinden teke tak, og kontoret på hjul hamna på Jølstravatnet.

Brakke på Jølstravatnet

VAKTE OPPSIKT: Brakka som låg i vasskanten søndag morgon fekk forbipasserande til å stoppe opp.

Foto: Ken Enebakk

– Brakka stod på hjul mellom to andre brakker. Det er mest truleg vinden som har teke den med seg i løpet av kvelden i går eller i natt. Då den vart oppdaga hadde den allereie drive 6–8 kilometer mot Skei, fortel Ken Enebakk, driftssjef for Ramirent avdeling Førde.

Brakka som stod trygt plassert ved Årdal i Jølster låg søndag morgon i vasskanten i nærleiken av Skei like ved E39.

– Den har faktisk passert to nes. Det heile er litt ubegripeleg, fortel, Enebakk.

Han tvilar på det har vore hærverk i og med at bremsene var på då dei fant brakka att.

Klokka halv åtte vart han ringt opp om funnet og palmesøndagen gjekk med til redningsaksjon av den 1000 kilotunge brakka.

– Heldigvis den eldste

– Når vinden først skulle reise med ei brakke, valde den heldigvis den eldste, seier Enebakk.

Brakkene var gjort i stand til kontor til arkeologar frå Bergen museum. Dei skal drive arkeologiske utgravingar i samband med E39 forbi Årdal.

«Kontoret» som hamna på Jølstravatnet var innreia med pultar stolar og arkivskap. Lite av det som var i brakka kan brukast, fortel Enebakk.

– Den er heilt totalvrak og mykje vatn hadde kome inn i rommet. Då vi fekk henta den opp frå vatnet delte den seg, seier han.

Men han har heldigvis ei annan som er ledig som vert sett inn i staden.

Trudde bil låg under vatnet

– Svært kjedeleg, konstaterer Enebakk, men er usikker på kor mykje verdi som eigentleg gjekk tapt. Ei heilt ny brakke kostar rundt 100.000 kroner.

Enebakk rosar dei som oppdaga brakka i vatnet og som varsla tidleg.

– Dei trudde først det kunne vere ein bil under vatnet og fekk ringt på til naboar i området, fortel han.

Ein person i nærleiken stilte med gravemaskin og fekk sett i gong redningsaksjonen av den søkkvåte brakka.