Hopp til innhold

Vil sjå framover etter alt bråket

Bråket rundt partileiinga i Senterpartiet har tæra på organisasjonen. No håpar Sp-grasrota i Sogn og Fjordane at ei ny leiing kan skape ro.

Karen Marie Hjelmeseter

POLITIKK: Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter i Sogn og Fjordane Senterparti håpar partiet sin politikk no kan kome i fokus igjen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I heimfylket til partileiar Liv Signe Navarsete har uroa rundt partileiinga sett sine tydelege spor.

På partiet sitt fylkesårsmøte i Balestrand i helga uttrykte mange frustrasjon over stadige negative medieoppslag.

No ventar grasrota i fjordfylket at ei ny leiing skal løfte partiet.

– Dette er ei skjebnetid. Senterpartiet har mista makta. Vi er ute av regjering og det er uro i partiet, oppsummerte fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter frå talarstolen.

Har fått mykje spalteplass, men...

Ho la ikkje skjul på at det var eit skadeskote parti ho talte til. Dei siste månadane har det vore mange avisoverskrifter med sentrale Sp-folk, men knapt noko av det har handla om politikken.

I staden er det intern strid og strid rundt enkeltpersonar som har fått omtale. Mellom anna fleire negative saker rundt partileiar Liv Signe Navarsete fått spalteplass.

I ein evalueringsrapport som vart kjent seint i haust vart valkampen til Senterpartiet slakta. Navarsete og leiinga fekk knusande kritikk av sine eigne, men Navarsete fokuserte like mykje på at VG hadde fått tilgang på bakgrunnsmaterialet, før rapporten vart lagt fram.

Uttalen hennar om å røykje ut den eller dei som stod bak lekkasjane førte til sterke reaksjonar. Sjølv om Sp-leiaren beklaga allereie dagen etterpå var skaden skjedd.

Like etter jul var Navarsete igjen i søkjelyset. Denne gongen for si rolle for å endre E16-traseen gjennom heimkommunen Lærdal.

Nokre dagar seinare varsla Navarsete sin avgang. Til sine partifellar sa Sp-leiaren at det viktigaste for partiet var å få ro, slik at fokuset igjen kunne rettast mot Sp sin politikk.

(Artikkelen held fram under)

Ei sjukmeld Liv Signe Navarsete heldt tale under Senterpartiet sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane.

SJÅ VIDEO: Ei sjukmeld Liv Signe Navarsete heldt tale under fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti. (Foto: Vidar Gudvangen/NRK)

– Vi må bruke krefter på politikken

Frå talarstolen på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane var også fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter oppteken av å få politikken i fokus igjen.

– Mitt håp er at vi skal få samla troppane i partiet og saman kjempe for det vi står for.

– Vi må bruke kreftene på våre politiske saker og løysingar, og ikkje på intern strid, seier ho.

For det er nettopp intern strid og uro som har gitt partiet overskrifter etter valnederlaget i haust. Og det blir eit nytt nederlag for Sogn og Fjordane Senterparti når omstridde Liv Signe Navarsete går av som partileiar 7. april på det ekstraordinære landsmøtet.

– Heile sentralstyret har stilt plassane sine til disposisjon. Det er ein situasjon vi i Sogn og Fjordane Sp utan vil ville vore forutan, sa Hjelmeseter til delegatane.

– Ikkje alt mogleg anna

Jenny Følling

IKKJE ALT MOGLEG ANNA: Også Jenny Følling trekte fram at det må vere politikk som blir sett i fokus framover.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Så det er kanskje også talande for stemninga i partiet når fylkesvaraordførar Jenny Følling, for tida vikarierande stortingsrepresentant, såg seg nøydd til å minne forsamlinga om kva Sp-arar eigentleg skal drive med.

– No er det viktig at støtter opp om kvarandre. At vi snakkar vel om kvarandre og diskuterer politikk.

– Vi er her for å drive politikk, ikkje alt mogleg anna, sa den røynde Sp-politikaren.

Håpar partiet kan samle seg

Leidulf Gloppestad

NOK: Leidulf Gloppestad håpar partiet no kan samle seg om den nye leiinga etter det ekstraordinære landsmøtet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Og no er Sp-arane leie negativ merksemd. Leidulf Gloppestad representerer Gloppen Senterparti, ein av dei største Sp-bastionane i landet.

– Vi må ha ein prosess framover som gjer at vi alle kan leve med resultatet. Når vi kjem til 8. april og eit nytt styre er valt, så skal det få arbeide med vår fulle tillit bak seg, seier Gloppestad.

Han meiner partiet no må hente fram gamle ambisjonar, om å nå ut til fleire.

– Folk skal sjå at Sp er eit parti som bryr seg om andre ting enn berre bønder. Vi skal vere eit ti-prosentparti, og det skal ikkje berre vere noko vi snakkar om på årsmøte ein gong i året, seier han.

– Korleis skal partiet byrje vise politikken sin igjen?

– Vi må begynne snakke om politikken vår. Når vi kjem til det ekstraordinære landsmøtet og vel ny leiing, så trur eg vi kan starte arbeidet med å utvikle partiet slik det skal utviklast, seier Gloppestad.

– Det har vore litt tøft

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Sp, og framleis Sp-leiar, Liv Signe Navarsete, var også på plass på Sp sitt fylkesårsmøte i heimfylket. Ho er for tida sjukmeld på grunn av virus på balansenerven.

Ho la ikkje skjul på at det er ei tøff tid ho har bak seg.

– Både i vinter, og eigentleg dei siste åra har det vore litt tøft. Når det no starta etter jul med saka om vegen i Lærdal, så tenkte eg: Kjem dette til å gje seg, kva blir det neste?

– Sp viktigare enn før

Ho hadde ikkje tenkt å gå på talarstolen, men det enda med nokre ord til fylkesårsmøte likevel, der Sp-leiaren takka for støtta.

Også ovanfor NRK trekk ho fram det Sogn og Fjordane Sp har betydd ho den siste tida.

– Det er ingen som har backa meg opp betre enn folk her i fylket. Det har vore heilt fantastisk og det kjem eg alltid til å vere takksam for, seier Liv Signe Navarsete til NRK.no.

Ho lovar at ho vil vere ein offensiv stortingsrepresentant for partiet, og er trygg på at ho har Sogn og Fjordane Sp med seg når ein skal kjempe for partiet sin politikk igjen.

– Her er ein klare til å ta kampen. Når ein får summa seg litt etter valnederlaget og kjem i gang att etter landsmøtet, så vil alle som har auge sjå at det aldri har vore større behov for Sp enn no, med den politikken som blir ført.

– Dette gir oss eit rom som eg håpar partiet greier bruke framover, slik at vi kan vise kor viktig det er med eit sterkt Senterparti.