Hopp til innhold

Oppsøkte kommunalt tilsett og peika på bilistar med tapetknivliknande gjenstand

Ein rusa mann i 40-åra har i natt hatt arresten i Florø som soverom. Mannen vart pågripen i 20-tida søndag kveld.

Politihuset i Florø

SOV UT: Ein rusa mannen i 40-åra har i natt sove ut rusen i arresten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet i kystbyen fekk den første meldinga om mannen klokka 1937 då han oppsøkte ei kvinneleg kommunalt tilsett heime.

– Han banka på dør og vindauge. Han har tidlegare vore pågåande mot kvinna, opplyser politiet på loggen sin.

Kvinna varsla politiet og under samtalen reiste mannen frå staden. Men det gjekk ikkje mange minuttane før politiet fekk nye telefonar om den same mannen.

Klokka 20 stod han midt i vegen og stogga ein bil.

– Deretter tok han fram ein tapteliknande gjenstand og peika på bilen, opplyser politiet.

Ordensmakta rykte ut til staden og arresterte mannen utan dramatikk. Mannen, som er ein kjenning av politiet, vart sett i arresten. Han blir meldt for forholdet.

Mannen er venta å bli avhøyrt på morgonkvisten måndag, og vil venteleg bli dimittert etter det.