Hopp til innhold

Bråk på oktoberfesten, men elles ei roleg natt i fylket.

På oktoberfesten i Stryn var det fleire episodar knytt til veldig fulle menn i natt, men elles har det gått roleg for seg i fylket.

Politi-illustrasjon

TRAVELT: Politiet har hatt det travelt i Stryn, men i resten av fylket har det ikkje vore så mykje å gjere på i natt.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Vi har tre episodar som på ulikt vis heng saman med oktoberfesten i Stryn, seier Espen Gulliksen ved operasjonssentralen til politiet i Florø.

Det byrja med at ein mann i 20-åra slo ned ein annan mann i 20-åra, og vart sett i arresten for det. Seinare på kvelden vart ein annan mann vist vekk ifrå Stryn sentrum fordi han nekta å syne legitimasjon då politiet ville sjå det.

Like før klokka halv tre fekk ein ny mann beskjed om å halde seg unna Stryn sentrum, fordi politiet meinte han hadde vore eit uromoment.

Alt dette skjedde altså ifølgje politiet i samband med tiårsjubileet til oktoberfesten i Stryn, som samlar mykje folk i bygda i helga.

Set inn ekstra folk

Gulliksen hos politiet fortel at dei i kveld kjem til å ha litt fleire folk på jobb enn det som er vanleg i Stryn.

– Vi kjem til å ha litt ekstra bemanning, så vi skal vere godt budde om det skulle dukke opp nokre hendingar i kveld og.

I resten av fylket har det gått roleg for seg i natt, og politiet har ikkje ein einaste ting å melde utanfor kommunegrensene til Stryn.