Hopp til innhold

Skuldar Haltbrekken for kunnskapsløyse

Naturvernforbundet sitt utspel mot ferjefri E39 på Vestlandet skapar reaksjonar. Kunnskapslaust, meiner leiaren i Stortinget sin energi- og miljøkomite.

sande og haltbrekken

KRAFTIG STRID: Erling Sande (t.v.) meiner at Lars Haltbrekken og Naturvernbundet er kunnskapslause.

Foto: arkiv / NRK / Scanpix

Naturvernforbundet gjekk tidlegare i dag ut og kravde at tankane om ein ferjefri stamveg langs vestlandskysten bør leggjast på is.

Men i staden for å kjølne ned debatten, hissa dei på seg vegforkjemparane.

– Kunnskapsløyse

– Det Naturvernforbundet seier er heilt feil. Dette er anten eit uttrykk for kunnskapsløyse eller så er det ein filosofi frå Naturvernforbundet at her på Vestlandet skal det ikkje bu folk, seier leiar i miljø- og energikomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp).

Han hevdar hardnakka at ein ferjefri E39 er ikkje i strid med dei klimamåla Stortinget har vedteke.

Kø på Oppedal ferjekai

STADIG KØ: Lavik ferjekai er eit av kaospunkta ein på sikt vil kunne unngå ved ein heilt ferjefri E39.

Foto: John Kenneth Aase

– Heller opprusting og rassikring

Men leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, let seg ikkje skremme av vegforkjemparane.

Han meiner at ein ny, ferjefri stamveg vil føre til store naturinngrep, auka trafikk og meir utslepp.

– Vi meiner at ein staden må satse på ei opprusting med midtrekkverk og rassikring for å trygge vegane, sler Haltbrekken fast.

Til NRK Sogn og Fjordane seier Haltbrekken at dei meiner regjeringa er sjølvmotseiande om dei går for eit ferjefritt E39.

- Regjeringa stiller krav for å få ned biltrafikken, medan dei samstundes godkjenner ein plan som nettopp vil auke den, seier leiaren.

– Vanskeleg å forstå

Leiar i stamvegutvalet for E39, Jenny Følling, har ingen tru på at Naturvernforbundet vil vinne fram med utspelet sitt.

– Eit slikt standpunkt er ganske vanskeleg å forstå. Alternativet er at vi ikkje greier å utnytte verdiane vi har og at vi aukar presset på miljøet på det sentrale austlandsområdet, meiner Følling.

Ho trur ikkje argumenta til Haltbrekken om at ein ferjefri E39 vil auke presset på miljøet.

– Eg trur ein klarer å finne løysingar for ein god stamveg som Vestlandet kan leve med, seier Følling.