Hopp til innhold

Bråk og fyll – slik var politinatta i fylket

To personar måtte sove i arresten, medan andre ikkje fann vegen heim att. I Sogndal måtte politiet ta hand om fleire overstadig rusa personar.

Politimenn i bil, snakker i radio

VANLEG NATT FOR POLITIET: Politiet måtte ta hand om både rusa personar og tjuvar natt til sundag.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Det var ikkje meir travelt enn elles, så vi kan vel sei det var ei heilt vanleg natt på jobb for politiet i fylket.

Slik summerer operasjonsleiar Kai Henning Myklebust politinatta i Sogn og Fjordane.

Skadeverk og tjuveri

På Sandane var det meldt om omfattande skadeverk i ein butikk.

– Dette er mest truleg pøbelfakter. Dei har tatt seg inn og rasert ting, seier Myklebust.

Politiet har gjennomført undersøkingar på staden, og skal etterforske saka vidare.

I Førde var ein øltørst mann tatt for tjuveri av øl i ein butikk i Førde.

– Politiet rykka ut og fekk kjapt innhenta mannen som hadde stole øl og forlate butikken. Vedkommande erkjente forholdet på staden, seier Myklebust.

Sov ut rusen i Sogn

Rett før kl. 22 køyrde politiet heim ein rusa mann i 40-åra som sov i Sogndal sentrum. Seinare på kvelden trefte politiet på nok ein rusa mann, denne gongen i 20-åra som blei køyrt heim av ein patrulje. Kort tid etter måtte politiet ta hand om ei overstadig rusa kvinne i 30-åra. Kvinna blei køyrt heim av politiet.

I Aurland måtte ein rusa mann i slutten av tenåra bruke natta i arresten etter bråk på ei privat adresse.

Bråk i Sunnfjord

Ute ved kysten lagde ein mann bråk på ein utestad i Florø. Mannen ville ikkje gje nødvendig informasjon til politiet, og hamna med det i arresten.

I Florø gjekk ein rusa mann i slutten av tenåra som ikkje fann vegen heim. Mannen banka på dører, og fekk til slutt hjelp til å finne riktig adresse.

Lenger inne i Sunnfjord var det rett etter midnatt slåstkamp mellom ein mann i 20-åra og ein i 40-åra på ein utestad i Førde. Politiet gav pålegg til dei involverte.

– Kort tid etter pålegget braut eine personen dette, og blei sat i arresten og meldt, seier Myklebust.