NRK Meny
Normal

Bråk mellom museumsdirektørar - to har sagt opp

Misnøye med toppleiinga er det etter NRK erfarer bakgrunnen for at to av avdelingsleiarane ved Musea i Sogn og Fjordane har sagt opp.

Kjartan Aa Berge

INGEN KOMMENTAR: Eg verken kan eller vil kommentere personalsaker i media, seier Kjartan Aa Berge, administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Rett før påske vart det kjend i avisa Firda at avdelingsdirektørane Gunnhild Systad ved Sunnfjord Museum i Movika og Janne Kathrine Leithe ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde hadde sagt opp frå stillingane sine.

Begge er ein del av leiarsjiktet ved Musea i Sogn og Fjordane. Leite har tidlegare uttalt at ho er usamd med mykje av det leiinga ved Musea i Sogn og Fjordane gjer, og at ho ikkje lenger ønskjer å vere ein del av dette.

NRK har vore i kontakt både med Janne Kathrine Leithe og Gunnhild Systad, men ingen av dei ønskjer å kommentere saka.

Janne Leithe

HAR SAGT OPP: Janne Kathrine Leithe.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Systad har ikkje villa utdjupa kvifor ho har sagt opp. Men etter det NRK kjenner til, skal omfattande misnøye mot administrerande direktør Kjartan Aa Berge sin leiarstil vere ein viktig grunn til oppseiingane.

Styret ved Musea i Sogn og Fjordane skal ha vorte kjend med den sterke misnøya mot Aa Berge gjennom eit brev før påske. Misnøya skal mellom anna gå på manglande styring av fylkesmuseet, lite involvering av tilsette og manglande informasjon i organisasjonen.

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK. Han påpeikar at han verken kan eller vil uttale seg om personalsaker i media.

Etter det NRK kjenner til har styret ved Musea i Sogn og Fjordane allereie hatt eit ekstraordinært styremøte der saka har vore diskutert. Styreleiar Laura Kvamme seier mellom anna følgjande:

– Det er veldig leit at to dyktige avdelingsdirektørar har sagt opp. Begge har gjort ein kjempejobb for Musea i Sogn og Fjordane. Vi tek no tak i dette for å finne ut kva som ligg bak. Styret har sett i gang ein prosess.

Kva prosess er sett i gang?

– Eg ønskjer ikkje å kommentere dette nærare enn at styret tek situasjonen på høgste alvor.

Kor lang tid treng de for å løyse denne vanskelege situasjonen, trur du?

– Det kan eg ikkje gje noko kommentar på.

Blir det leigd inn ekstern hjelp?

– Det har eg ingen kommentar til.

Gunnhild Systad ved SUnnfjord folkemuseum

HAR SAGT OPP: Gunnhild Systad.

Foto: Eva Marie Felde
Vegopning på Bergum i Førde kommune