Hopp til innhold

Braanaas støttar kutt til store festivalar

– Det er på tide at dei mindre festivalane får ein større del av kulturmidlane, seier Ola Braanaas, ein av grunnleggarane av Utkanfestivalen på Skjerjehamn.

Ola Braanaas

VIL HA VEKK KNUTEPUNKTORDNINGA: Ola Braanaas er glad for at regjeringa vil endre måten festivalar får statsstøtte. dagens ordning er svært urettferdig, seier han.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Ola Braanaas er ein av dei som starta festivalen, men uttaler seg her på vegner av Skjerjehamn AS.

Kulturministeren vil fjerne den øyremerka statsstøtta til 14 store festivalar. Førdefestivalen og Norsk Countrytreff på Breim er to av festivalane som då vil misse den øyremerka statsstøtta som dei får gjennom den såkalla knutepunktordninga.

Dei negative reaksjonane mot endringa har vore mange og sterke, men Ola Braanaas støttar endringa. Braanaas er ein av grunnleggarane av og ein av stiftarane i Utkantfestivalen.

– Festivalane som automatisk har fått store summar i øyremerka statsstøtte må yte meir. På den måten vil dei ikkje lenger vere avhengig av så mykje statsstøtte, seier Braanaas.

Festivalane som automatisk har fått store summar i statsstøtte må yte meir.

Ola Braanaas

– Avhengige av ordninga

Norsk Countrytreff på Breim fekk 1,7 millionar kroner i statsstøtte i år.

Fungerande dagleg leiar, Arve Kleppe, har ingen forståing for utspelet frå Braanaas.

– Knutepunktstatusen har ført til at vi har lagt eit løp som skal auke kvaliteten på det vi driv med. Vi er avhengige av knutepunktordninga dersom vi skal kunne presentere nye trendar og smalare artistar. Kutt i knutepunktordninga vil ikkje vere bra, seier han.

Norsk Countrytreff

FÅR KONSEKVENSAR: Norsk Countrytreff på Breim må redusere kraftig dersom festivalen misser statusen som knutepunktfestival.

Foto: Norsk Countrytreff

Krev like vilkår

Dei 14 festivalane som misser den øyremerka statsstøtta, må søkje om statsstøtte kvart år på lik line med alle dei mindre festivalane kring om.

Medan Førdefestivalen fekk over seks millionar i statsstøtte i år, fekk Utkantfestivalen 150.000 kroner i statsstøtte.

– Det er viktig at det blir konkurrert på like vilkår, seier Braanaas.

Venstre støttar regjeringa

Gunnhild Berge Stang, fylkesleiar i Venstre og ordførar i Fjaler, støttar nedlegging av knutepunktordninga.

– Det er nødvendig å revurdere knutepunktordninga, men det er viktig at endringane ikkje trer i kraft før tidlegast i 2017. På den måten vil festivalar som i dag får støtte gjennom knutepunktordninga høve til å tilpasse seg den nye situasjonen, seier ho.

Berge Stang peikar også på at den samla overføringa til norske festivalar ikkje må reduserast.

Gunhild Berge Stang avsluttande valdebatt 2015

SAMD: Fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang, støttar nedlegginga av knutepunktordninga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK