Nye utrekningar frå Statens vegvesen syner at vegen vil koste 64,5 millionar kroner. Ola Braanaas i Firda Management har difor auka bodet sitt med 19,5 mill kr. I byte vil han ha seks oppdrettskonsesjonar.
I følgje vegvesenet vil byggjetida vere på to og eit halvt år. Med oppstart i 2002 vil det gå minst fem år før Ytre Gulen har fastlandssamband.
Fylkesutvalet har i dag uttalt seg svært positivt om tilbodet frå oppdrettaren Ola Braanaas om å finansiere faslandssambandet til ytre Gulen mot at han får tildelt seks konsesjonar. Fylkesordførar Nils R Sandal (biletet)seier fylkeskommunen vil følgje opp saka saman med Gulen kommune og vegkontoret.