Hopp til innhold

Bra generalprøve for Årdal FK

Årdal fotballklubb spelte uavgjort mot Åsane og vann 3-1 over Gjøvik Lyn i to treningskampar i helga.

Årdal-trenar Morten Wigum er nøgd med generalprøva til seriepremieren 2. påskedag.

- Vi er godt nøgde. Vi møter to gode 2. divisjonslag, og vi spelar ein god kamp mot Åsane på fredag. Litt meir rufsete i dag, men vi vinn og tek det med vidare, seier han.

Varierte prestasjonar

Prestasjonane til årdølene har variert stort i treningskampane i vår. Etter klare tap mot Sogndal og Skarbøvik og eitt-målstap for Brumundal i dei tre siste kampane, var oppgjera mot Åsane og Gjøvik Lyn i helga positive på fleire måtar for trenar Morten Wigum.

- Vi har fått svar på at vi held nivået med eit toppa lag, det er det viktigaste, seier han.

Mista fleire spelarar

Spissparet Ole Gunnar Hunderi og Arild Underdal sette inn kvart sitt mål i oppgjeret mot Gjøvik Lyn i går, i tillegg noterte Morten Brandsdal seg for ei ny nettkjenning. Årdal FK har mist ei knippe sentrale spelarar frå laget som enda på sjuandeplass i 2. divisjon i fjor. Geir Nordnes, Henrik Furebotn, Kim Tangedal og Thomas Frichen er borte.

- Men vi har fått fleire nye spelarar som verkar lovande og som glir fint inn i laget, seier han.

Tredje sesong

Neste måndag serieopnar Årdal borte mot Notodden, leia av tidlegare sogndaltrenar Jan Halvor Halvorsen , og ein av dei store favorittane i 2. divisjon avdeling 1 i år. Med opningskampen mot Notodden er Årdal FK i gang med sin tredje strake sesong i 2. divisjon, og målsetjinga er å ta eit nytt steg oppover på tabellen.

- Alt over plass nummer sju er bra, seier han.