Hopp til innhold

Bøyabreen fortset å krympe

Det siste året har dei to breane i Fjærland reagert ulikt. Medan Supphellebreen har gått fram 16 meter, har Bøyabreen trekt seg tilbake 32 meter.

Bøyabreen målt haust 2010
Foto: Norsk Bremuseum

Det var førre veke at Norsk Bremuseum utførte dei årlege målingane av Bøyabreen og Supphellebreen i Fjærland.

Bøyabreen gjekk tilbake 32 meter siste året

Målingane er gjort på vegne av Noregs vassdrags. og Energidirektorat, NVE. Norsk Bremuseum utfører målingane på to regenererte brear, det vil sei brear som er avhengig av is- og snøras frå ein overliggande bre.

Medan Bøyabreen ligg omlag 150 meter over havet, ligg Supphellebreen omlag 60 meter over havet. Det siste året har dei to breane reagert ulikt. For medan Supphellebreen veks har Bøyabreen krympa.

Supphellebreen haust 2010

Supphellebreen i Fjærland har gått fram det siste året.

Foto: Norsk Bremuseum

Målingane viser at Bøyabreen er 32 meter kortare denne hausten enn i fjor, medan Supphellebreen har blitt 16 meter lengre.

Fleire årsaker

Norsk Bremuseum skriv i ei pressemelding at årsaka til veksten på Supphellebreen vere dei store snømengdene som fell på Jostedalsbreen i sesongen 2007/2008.

Årsaka til at dette snøfallet ikkje har fått utslag for Bøyabreen kan kome av at dei breane har ulik responstid.

Nedre del av Bøyabreen kan forsvinne om kort tid

Ei anna årsak kan vere at israsa frå den øvre delen av Bøyabreen ikkje lenger fell heilt ned på den regenererte delen.

Utan desse israsa vil den nedre delen av Bøyabreen raskt forsvinne.

Målingane av Bøyabreen i Fjærland tok til i 2003, og sidan då har breen trekt seg tilbake til saman 158 meter.

Briksdalsbreen 2010

Briksdalsbreen i Olden i Nordfjord har siste året gått fram 8 meter.

Foto: Atle Nesje

For Suppehellebreen er statistikken litt annleis, der viser målingane som starta i 1992 at den i løpet av perioden har trekt seg tilbake 25 meter.

I Nordfjord viser målingane av Briksdalsbreen at fronten på breen har gått fram 8 meter sidan i fjor haust. Også her er det mykje snø i sesongen 2007/2008 som vert nemnt som årsak.