Etter ei mil enda promilleturen på taket

Med passasjer i bilen og rikeleg med sprit innabords, sette nordfjordingen seg i bilen. Begge kan vere glade for at dei overlevde promilleturen.

For køyreturen ein tidleg oktoberdag i fjor enda i trafikkuhell og store materielle skader på fylkesveg 60 i Stryn.

Mannen, som er i 20-åra, mista kontroll på bilen og køyrde av vegen. Bilen hamna på taket og vart som følgje av skadene kondemnert.

– Det framstår etter rettens syn som heilt tilfeldig at ulukka berre enda med store materielle skader, og ikkje større personskade, skriv dommarfullmektig Olav Kjetil Moe.

Heldt fram drikkinga

Det var ikkje berre promillekøyringa mannen måtte svare for då Fjordane tingrett behandla straffesaka. For mannen drakk ytterlegare boksar med øl etter køyreturen.

Dermed stod han også tiltalt for å ha drukke alkohol sjølv om han forstod eller burde forstått at uhellet kunne bli etterforska av politiet.

Blodprøve teken nær 11 timar etter køyreturen viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,4 promille. Tilbakerekning viste at mannen hadde minimum ein i promille under køyreturen.

Fengsel i 18 dagar

I skjerpande retning la retten vekt på at køyreturen var ei nær mil, og at han hadde passasjer i bilen.

Tingretten sa seg samd med påtalemakta om at fengsel i 18 dagar var ei passande straff. Med bakgrunn i mannen sin økonomiske situasjon halverte dei derimot påtalemakta sin påstand om 20.000 kroner i bot.

Mannen taper også førarretten i 22 månader og må opp til full førarprøve før han eventuelt får att lappen.