NRK Meny
Normal

Botnoppgjer i 3. divisjon

Florø jakta sin tredje strake siger, men allereie før pause var slaget mot Fjøra tapt.

Fjøra-spelar Arild Underdal og trenar Jan Rune Årøy.

Fjøra-spelar Arild Underdal og trenar Jan Rune Årøy.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndølene leia 4-0 ved halvspelt, og eitt mål etter kvilen fastsette sluttresultatet til 5-0. Laga tjuvstarta den niende serierunda i 3. divisjon.

Ekte hat-trick

Hovudrolleinnehavar dei første 45 minutta var Frode Kvam. Allereie etter fire minutt spelte han Jon Erik Myhre gjennom til 1-0. Så var det duka for Kvam-show. På rekke og rad sette han inn eit ekte hat-trick. Kvam er oppe i sju seriemål i comebacksesongen etter eitt år med Veitastrond.

Ti minutt før pause fekk Ole Mairus Anhanger Solberg sjansen til å gjere 5-0, men frå 11 meters-merket sette han ballen i stanga og ut. Straffa vart dømt etter at Anders Veiebust reiv ned ein Fjøra-spelar som bakerste mann. Veiebust vart vist det raude kortet og måtte ta ein tidleg dusj.

Passert av Jølster

Men fjørene fekk eit straffemål. Det skjedde om lag kvarteret ut i omgangen då Ronny Einan vart felt innanfor 16 metern. Terje Flugheim sette straffa midt i mål. Dette var Flugheim sitt første seriemål for sesongen.

Det har no blitt ei luke mellom dei fire nederste laga og resten av laga i 3. divisjon. Heilt i botnen ligg Vik (3 poeng), Florø , Jølster (begge 4 poeng) og Kaupanger (6 poeng).

Etter stortapet i Sogndal, måtte Florø sjå seg passert av Jølster på grunn av målskilnaden.

Kampfakta:

Fjøra - Florø 5-0 (4-0)

1-0 Jon Erik Myhre, 4 min.

2-0 Frode Kvam, 7 min.

3-0 Frode Kvam, 11 min.

4-0 Frode Kvam, 22 min.

5-0 Terje Flugheim, 61 min. (straffe)

Rødt kort: Anders Veiebust (FSK)

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser