Det var i mai 2002 at smolten vart lasta ombord i fraktebåten MS Salmo Vest. Med ein gong fisken kom ombord skal den ha vorte så skadd at dei fleste døydde. I dommen heiter det at årsaka mest sannsynleg er restar av eit reingjeringsmiddel i den eine fraktetanken. Den mangelfulle reingjeringa gjer no at Florø Fisketransport må betale for heile skaden.
Leiinga i Florø Fisketransport vil ikkje kommentere om dei kjem til å anke, men seier at det er verdt å merke seg at retten var i sterk tvil. Selskapet peikte på at både sjukdom og metallar frå vatnet i kaiområdet kan vere moglege årsakar. Retten meinte dette var lite sannsynleg sidan det berre var skadar på fisken i den eine tanken til trass for at vatnet til tankane kom frå same staden.