Hopp til innhold

Bøtelagde for ekstremt dårleg spøk

Sunnfjordingane hevda det heile var ein spøk. No har dei fått 10.000 kroner kvar i bot for skremmande framferd ved asylmottaket i Førde.

Det var i oktober i fjor at dei to mennene tok på seg finlandshette, og utstyrte seg med ein machete kvar , og reiste til mottaket på Bergum.

Fleire bebuarar vart skremde av den truande framferda til mennene, og varsla politiet.

– Dei har forklart i avhøyr at det var meint som ein spøk, fortalde operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Florø då.

Politiet tykte ikkje det var noko god spøk og bestemte seg for å gje mennene i 20-åra 10.000 kroner i bot.

Ifølgje førelegga hadde machetane knivblad på 40 centimeter. I tillegg til bøtene blir mennene fråtekne både finlandshetter og machetane.