Hopp til innhold

Bøtelagd for truslar

Ein sunnfjording i slutten av tenåra må betale 10 000 kroner i bot for truslar mot ein polititenestemann. Mannen kom med trusselen då han vart arrestert for å ha sparka mot ein politimann i Florø i november 2014. Denne valdsepisoden vart mannen frifunnen for, då tingretten ikkje fann det truleg at sparket var retta medvite. Han vart også frifunnen for vald mot vaktene ved ein utestad same kveld.