Hopp til innhold

Overheldt ikkje vikeplikta – krasja med motorsykkel

Mannen i 80-åra frå Austlandet overheldt ikkje vikeplikta og krasja med ein møtande motorsyklist. No har han vedteke 7.500 kroner i bot etter ulukka.

MC-ulykke på Hemsedalsfjellet

SAMANSTØYT: Naudetatane rykte 1. august i år ut etter melding om trafikkulukka ved Breistølen i Lærdal.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Det var 1. august i år at ulukka skjedde like ved Breistølen i Lærdal. Dei første opplysningane gjekk på at motorsyklisten fekk skrens før ulukka, men at ingen andre køyretøy var direkte involvert i hendinga .

Men ifølgje førelegget var ikkje den eldre bilføraren merksam nok då han skulle krysse riksveg 52.

Motorsyklisten bremsa ned for å unngå samanstøyt, men fekk som følgje av dette skrens på motorsykkelen før han krasja med bilen. Han vart kasta av sykkelen og klei bortover asfalten. Mannen vart påført skadar i handledd og bein, og vart sendt til Ringerike sjukehus på Hønefoss med lettare skader.

Det oppstod mindre materielle skader på både bil og motorsykkel. Bilføraren i 80-åra har vedteke bota på 7.500 kroner.