Hopp til innhold

Åtte til sjukehus – bilførar godtek førelegg

Åtte personar måtte til lege etter ein frontkollisjon ved Movika i Førde i sommar. No har ein tenåring fått 6.000 kroner i bot etter ulukke.

Kollisjon E39 Movika, Førde

ULUKKE: Åtte personar, mellom desse eitt barn, var involvert i ulukka på E39 ved Movika i Førde i sommar.

Foto: Løset / Oddleif

Politiet si etterforsking viser at bilen som kom nordfrå hadde slitne sommardekk framme og piggdekk bak.

Som følgje av dei slitne dekka mista bilen veggrepet på den våte vegbana.

– Årsaka til ulukka er at ein av bilane kom over i motsett køyrefelt og trefte møtande bil, opplyste politiet etter ulukka.

Vedtok førelegg

Politiet meiner den unge bilføraren ikkje forsikra seg at bilen var i forsvarleg og forskriftsmessig stand før han la ut på turen og gav han førelegg for brot på vegtrafikklova.

Førelegget er vedteke.

Vegen var ein periode stengd etter ulukka. Sju av dei involverte vart dimitterte etter legesjekk, medan den siste fekk poliklinisk behandling før han fekk reise heim.