Bøtela trøtt yrkessjåfør

Yrkessjåføren hadde fleire grove brot på køyre- og kviletidsreglane. No har nordfjordingen godteke ei bot på 20.0000 kroner. Det var under ein kontroll i Eid i år at kontrollørane avdekka at mannen mellom anna køyrde over åtte timar utan godkjend pause. Han hadde også køyrt utan at sjåførkortet stod i fartsskrivaren.