Hopp til innhold

Køyrde med promille og stakk av frå politiet - må i fengsel i 21 dagar

Ein mann i 20-åra frå Nordfjord må i fengsel etter at han i november i fjor køyrde under rusa tilstand og krasja bilen han sat i.

Fjordane tingrett - skilt

DØMD: Ein mann i 20-åra må i fengsel etter å ha krasja bilen sin og gøymde seg for politiet.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Det var ein sein laurdagskveld november i fjor at politiet fekk melding om eit trafikkuhell ved ei bedrift i Nordfjord.

Då dei kom til staden fann dei ein bil liggande på taket med materielle skader både på bilen samt skader på eigedommen til bedrifta. Føraren var ingen stad å sjå.

Fann føraren heime

Eigaren av bilen blei funnen sovande heime i si eiga seng, og blei deretter tatt med til stasjonen for blodprøvetaking.

På bakgrunn av dette måtte mannen nyleg møte i Fjordane Tingrett der han stod tiltalt for promillekøyring og aktlaus køyring. Aktor la ned påstand om fengsel og bot for forholdet.

Retten fann det spesielt alvorleg at køyringa skjedde i eit sentrumsområde på eit tidspunkt då det var fleire ungdommar til stades. I tillegg meinte

At uhellet ikkje resulterte i alvorleg personskade blei sett på tilfeldig. I tillegg vurderte retten det som alvorleg at køyreturen enda i eit trafikkuhell med betydeleg skade. Tiltalte sa seg ikkje skuldig i tiltalen.

Nekta straffskuld

Tiltalte nekta for at han hadde vore førar av bilen. Men undersøkingar og vitneforklaringar frå personar som møtte mannen på ein utestad den aktuelle kvelden, gav retten grunn til å tru at det var mannen hadde køyrt bilen då ulukka skjedde.

Retten la også til grunn at køyringa måtte ha skjedd i totida natt til søndag. Blodprøve tatt av mannen klokka 05.13 viste ein promille på 1,44, og at han då var på fallande rus.

Retten fann ingen formidlande forhold, og mannen vart difor dømd til 21 dagar fengsel og ei bot på 8000 kroner for lovbrotet. I tillegg vart han frådømt førarkortet for to år.