NRK Meny
Normal

Bøtelagd for å ha kalla politikvinne «sexy rotte»

Fjordane tingrett har dømt ein mann i 50-åra for å ha truga ein politimann og for ufin omtale av ei politikvinne

Fjordane tingrett 9
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var då ein politipatrulje i august i fjor skulle arrestere ein annan person at mannen gjekk mot politifolka, veiva med armane og sa at han lett kunne slå den mannlege politibetjenten.

Den kvinnelege politibetjenten fekk høyre at ho var ei «sexy rotte», og at ho hadde «feit ræv». - Således forulempet han politiet i deres utførelse av tjenesten, står det i tiltalen.

Fjordane tingrett kom til at dette var verd ei bot på 7200, subsidiært fengsel i 14 dagar. I tillegg må mannen i 50-åra betale sakskostnader på 5000 kroner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.