Hopp til innhold

Bot for dårleg sikring

Entreprenørverksemda Dalekovod har godteke 30 000 kroner i bot etter eit arbeidsuhell i Eiriksdalen i Høyanger i juni i fjor. I samband med linjearbeid fall ein mann ned og sklei 50 meter ned ein fjellskrent. Mannen fekk mellom anna ribbeinsbrot i fallet. Politiet har konkludert med at arbeidsplassen ikkje var tilstrekkeleg sikra mot fall.