NRK Meny

Bot for brot på kviletida

Ein polsk yrkessjåfør i 20-åra har godteke 30.000 kroner i bot for omfattande brot på køyre- og kviletida. Han får heller ikkje køyre bil på norske vegar det neste året. Under ein kontroll på Håbakken i september i år, avdekte Statens vegvesen at han i løpet av ein periode var nede i to timar som lengste samanhengande døgnkvil. Kravet er minimum ni timar. Mannen brukte heller ikkje diagramskive under periodar av køyringa. I tillegg køyrde han opp mot 17 timar om dagen over den same perioden.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.