Hopp til innhold

Fekk 10 000 i bot etter å ha køyrt i sjøen ved ferjekai

Sjåføren som køyrde i sjøen ved Hella ferjekai med to passasjerar i bilen, har fått ei bot på 10 000 kroner.

Kaien

UTVISTE IKKJE NOK AKTSEMD: Ein 18 år gamal mann får bot på 10 000 kroner etter at bilen sklei på sjøen og ei kvinne vart sittande fast i bilen.

Foto: Christian Blom / NRK

Ei ung jente, Janne Holen (18), vart liggande fleire minutt under vatn før ho vart berga opp frå den iskalde Sognefjorden i mars i år. Ein av redningsmennene måtte dukke tre og ein halv meter ned i sjøen for å få laus Holen.

Viste ikkje nok aktsemd

Den 18 år gamle sjåføren får bota fordi politiet meiner han ikkje viste nok aktsemd då han fredag 14. mars køyrde inn på Hella ferjekai om ettermiddagen. Mannen skal ikkje ha bremsa tilstrekkeleg ned for å redusere farten, meiner politiet.

Det var vått og glatt føre og bilen skal ha mista veggrepet. Føraren skal ha halde bremsepedalen inne slik at bilen segla vidare med låste dekk og utan veggrep. Dermed sklei bilen mot kaiområdet og utfor kaikanten og hamna i den iskalde Sognefjorden.

Vedtok bota

Den eine passasjeren kom seg raskt ut av bilen etter at den hamna i sjøen. Men Janne Holen, som vart liggande fleire minuttar under vatn før ho vart berga på land, måtte få hjarte- og lungeredning. Der tok det ein halv time før ho kunne puste sjølv.

No må den unge sjåføren ut med ei bot på 10.000 kroner eller sone ei fengselsstraff på 20 dagar. Sjåføren har vedteke bota.