Hopp til innhold

Bosset flyt i Gudvangen

Sist søndag fekk turistar i Gudvangen sjå vikinggarden ved fjordtellet flyte over av ølboksar og matrestar.

Bos på vikinggarden i Gudvangen.
Foto: Arnstein Karlsen

Vossingen Arnstein Karlsen var på besøk i bygda for å ta nokre naturbilete. Han var rett og slett skjemd over synet som møtte han.

Bosset flyt på vikinggarden i Gudvangen.
Foto: Arnstein Karlsen

- Det såg ikkje ut i det heile teke. Vi fann tomme ølboksar, spritflasker og matrestar, fortel Karlsen.

Sende brev til kommunen

Han synest Gudvangen og Nærøyfjorden er ei naturperle av dei sjeldne. Men då han søndag kveld tok turen for fotografere både fjell, fjord og vikingar vart han skuffa. I eit brev til Aurland kommune skriv han følgande: "Blei ganska skuffa over tilstanden i Vikinge-leiren borte ved hotellet. Dei såg litt undrande ut japanarane òg, som gjekk å lurte på kva detta var for noko..... Sender vedlagt 6 bilder. Eit av dei meinar eg er kjempebra. Resten er nok ikkje det eg ville vist turistane eller Dronninga som snart kjem på besøk."

Dronninga kjem nok berre til Bakka, litt lenger ute i fjorden. Likevel håpar Karlsen at nokon ryddar opp i rotet før fleire besøkande får sjå svinestien.

Bosset flyt på vikinggarden i Gudvangen.
Foto: Arnstein Karlsen

Personalfest

Det er to Viking-leirar i Gudvangen. Ein på kommunen sitt område og ein på eigedomen til Gudvangen Fjordtell. Og det er den sistnemnde leiren Karlsen har teke bilete frå.  No lovar eigar av Fjordtellet, Jens Dahn, å ta affere.

- Det er berre å beklage, slik skal ikkje Gudvangen framstillast. Det var ein personalfest som utvikla seg med fleire besøkande. Slikt skal ikkje, og dei ansvarlege har bede om orsaking, seier han.