Hopp til innhold

Bossbrannen nesten sløkt

Brannen på bossplassen i Festingedalen på Kaupanger har roa seg heilt.

Brann i Festingedalen i mai 2006.
Foto: Arne Eithun / NRK

Torsdag brann det på eit 1,2 mål stort område, men no ryk det berre frå to små plassar.

- I løpet av fredagen vil brannvesenet og Simas vurdere kva vakthald dei skal ha i helga, seier dagleg leiar i SIMAS, Per Holen.

- Slik vi vurderer det no er brann- og røykutviklinga over. Det som brannvesenet planla lukkast. Vi får alltid sløkt slike brannar, men det kan ta veldig lang tid dersom brannen går djupt i fyllinga. No ulmar det berre på eit par plassar i ytterkanten av fyllinga, og vi vil grave det fram slik at vi kjem til der det utviklar varme, seier Holen.