Hopp til innhold

Bossbil sølte olje i bustadfelt

Fleire liter olje rann ut i eit bustadfelt i Førde tysdag føremiddag.

Lekkasje i Bakketunet på Vie

SLANGE RAUK: Lekkasjen førte til oljesøl i Bakketunet på Vie.

Foto: NRK.no-tipsar

Det var ein søppelbil som var ute på avfallshenting på Vie i Førde som fekk trøbbel.

– Det var ein hydraulikkslange som rauk. Dermed rann det ut nokre liter med olje, fortel avdelingsleiar Sigvald Tjønneland RenoNorden som køyrer for Sunnfjord Miljøverk.

Sjåføren fekk henta sand frå ein sandkasse for å demme opp for oljen og hindre spreiing. Det var oljen som stod i slangen som rann ut. Tjønneland seier det ikkje er fare for meir søl.

– Vi skal hente utstyr som absorberer oljen som har runne ut. Bilen blir no ståande til dette utstyret er på plass slik at vi ikkje får meir søl.

Røyret blir tetta og deretter må bilen på verkstad. Ein ny søppelbil er på veg frå Lavik. Bosshentinga blir litt forseinka, men Tjønneland lovar at alle skal få tømt dunkane sine i dag.

– Avfallet som henta vanleg, men vi blir nok eit par timar forseinka. Det er kundar i Moldtaket og i området frå Slåtten skule og ned mot Kyrkjevegen som må smørje seg med tolmod, seier han.