Hopp til innhold

Her flyt q-tips, klutar, bleier og kondomar rundt i kloakken - det skaper trøbbel

Det går mykje tid og pengar på å fjerne boss som set seg fast i kloakknettet. – Slutt å hiv boss i do, oppfordrar Magne Reidar Førde i Førde kommune.

Boss i kloakken skapar problem for Førde kommune.

DRIT I DO: Våtserviettar, mikrofiberklutar, bind, bleier, Q-tips og kondomar. Det er noko av bosset folk hiv i do, og som tettar til avlaupssystema i Førde kommune.

Avlaupsrenseanlegg

SPYLER REINT: Driftsoperatør Magne Reidar Førde passar på at alt går som det skal i reinseanlegget.

Foto: Oddbjørn Myklebust Oppsal / NRK

Kloakksystemet i kommunane flyt over av ting som ikkje burde vere der.

– Du skal ikkje kaste noko i toalettet som ikkje løyser seg opp i vatn, seier Magne Reidar Førde.

Han er driftsingeniør og vikarierande driftsoperatør for teknisk drift i Førde kommune, og finn dagleg ting i kloakksystemet som ikkje høyrer heime der.

Det skapar store problem for kommunen. Dei brukar mykje ekstra tid og pengar på å reinske bosset vekk frå pumper og avlaupssystem i kommunen. Gjer dei ikkje det, vil det tette seg. Systemet er nemleg ikkje laga for å handtere anna enn kloakk.

Alarmen går fleire gonger i veka

Når noko går i stå i avlaupssystema, ringjer alarmen på renseanlegget hos Førde. Då må han og kollegaane reise ut, sjekke kva som er gale og reinske opp i det. Onsdag ettermiddag denne veka hadde dei allereie måtte rykke ut tre gonger på grunn av mikrofiberklutar som sat fast i systemet.

– I verste fall må ein rive huset

Reinsa kloakkvatn

KLÅRT: Kloakkvatnet til slutt vert sleppt ut i fjorden ser nesten ut som drikkevatn.

Foto: Oddbjørn Myklebust Oppsal / NRK

Boss i toalettet kan òg føre til tette avlaup i private heimar. I verste fall kan ein vere nøydd til å rive frå kvarandre heile avlaupet. Det vil seie omfattande rivings- og oppbyggingsarbeid på hus og heim, og det kan bli både tidkrevjande og dyrt.

Mykje ekstraarbeid

Kloakken hamnar til slutt 1125 meter ut i Førdefjorden på 30 meters djupne. Før den kjem dit, skal den gjennom fleire renseprosessar på anlegget i Førde. Der fjernar dei 95 % av forureininga frå kloakken før dei slepp den ut i fjorden. Det er ein stor og komplisert jobb, og den blir enda større og dyrare for kommunen når folk hiv boss i do i staden for i avfallssorteringa.