Hopp til innhold

Borten Moe la ned grunnsteinen

Olje- og energiminister Ola Borten Moe fekk æra av å leggje ned grunnsteinen på BG Norge sitt bygg i Florø tysdag.

Ola Borten Moe legg ned grunnstein i BG Norge sitt bygg i Florø

STARTEN: Nedlegginga av grunnsteinen på BG Norge sitt bygg i Florø vart gjort av Ola Borten Moe og kan vere starten på eit oljeeventyr der Sogn og Fjordane får ein litt større del av kaka.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter å berre ha fått «smular» av det norske oljeeventyret opp gjennom åra, ser fylket – og først og fremst Florø no omsider ut til å få sin del av kaka. Fleire nykommarar i bransjen etablerer seg no i kystbyen.

I dag var det BG Norge som markerte starten på bygginga av driftsbygningen sin på Fjordbase. Olje- og energiminister Ola Borten Moe la ned grunnsteinen.

Inne i steinen er eit lite glas med olje, eit eksemplar av avisa Firdaposten, i tillegg til planar over bygget.

– Det er viktig at oljeverksemda skaper arbeidsplassar og aktivitet i Sogn og Fjordane, sa ministeren mellom anna då han la ned steinen.

(Artikkelen held fram under biletet)

British Gas sitt nybygg i Florø

DRIFTSBYGNING: Herfrå skal BG Norge drifte produksjonsskipet som skal pumpe opp olje på Knarrfeltet i Nordsjøen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kan vere starten på eit eventyr

Nedlegginga av grunnsteinen på BG Norge sitt bygg kan vere starten på eit oljeeventyr der Sogn og Fjordane endeleg får litt meir av kaka.

Når driftsbygningen til BG Norge står klar på Fjordbase om vel eit år får Florø 15 nye arbeidsplassar her.

Dette vil vere forskjellige type kontor og driftsfunksjonar knytt til drifta av eit produksjonsskip som skal pumpe olje utanfor kysten.

Treng 135 tilsette til produksjonsskipet

Skipet er no under bygging i Korea og om vel to år skal det operere på Knarrfeltet i Nordsjøen. Her er planen at dei skal pumpe opp til saman 60.000 fat olje frå seks brønnar.

BG Norge treng 135 tilsette på skipet og truleg kan det blir mange frå Sogn og Fjordane i arbeidsstokken.

Ola Borten Moe la ned grunnsteinen på BG Norge sin driftsbygning i Florø

GRUNNSTEIN: I grunnsteinen låg det ei lite flaske olje, dagens Firdaposten og planar over bygget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK