Hopp til innhold

Børstar støvet av gamal vikinghelt

Den eine blir kalla Norges neste Ibsen, den andre er mest kjent som ein eksentrisk kunstnar som syng Beatles på nynorsk. No slår dei seg saman, og skal børste støvet av ein gammal vikinghelt.

Den eine blir kalt Norges neste Ibsen, den andre er mest kjent som ein eksentrisk kunstnar som syng Beatles på nynorsk.
No slår dei to seg sammen, og skal børste støvet av ein gammal vikinghelt.

SJÅ: TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter Vidar Gudvangen. Foto: Steinar Lote. Redigering: Steinar Lote / Arne Stubhaug.

Det vart eit varmt møte mellom dei to kunstnarane, i det som ikkje er eit heilt opplagt samarbeid.

– Han er ein kjempeforfattar, skryt Oddvar Torsheim om Jon Fosse.

Men då Fosse vart beden om å lage barnebok om ein vikinghelt, måtte han overtale ein gamal kjenning i Førde.

– Streken din, Oddvar, er heilt unik, altså, kvitterer Fosse.

Gav ut bok i fjor

Fridtjov den Frøkne er ei av dei mest kjente norrøne sogene. Keisar Wilhelm var fascinert av historia, og fekk reist ein kolossstatue av Fridtjov. Den er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers.

Jon Fosse har femti bøker og eit utal teaterstykke på samvitet, og bur i staten sin æresbustad for fortente kunstnarar, Grotten. I fjor gav han ut historia om Fridtjov den frøkne i moderne nynorsk språkdrakt.

– Mest sannsynleg er han ein oppdikta mann. Og han var ein viking som forelska seg i ei som heitte Ingebjørg, og brørne hennar ville slett ikkje at dei skulle gifte seg, fordi han ikkje var konge, seier Fosse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Torsheim og Jon Fosse

SISTE FINPUSS: Barneboka om Fridtjov den Frøkne og Ingebjørg kjem ut i oktober.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

No kjem kortversjonen i ei barnebok

I oktober kjem kortversjonen, i barneboka Fridtjov og Ingebjørg, illustrert med Torsheim sine teikningar.

– Den er ikkje avgrensa til barn, altså. Du treng ikkje skjemmast om du er 50 eller 60 år og les denne boka. Hovudsakleg på grunn av bileta, seier Fosse.

– Det måtte vere ein litt rar strek, og ikkje altfor nusseleg og pen. Det måte vere rett på, seier Torsheim.

Torsheim og Fosse held fram samarbeidet. Neste år kjem dei to med soga om Torstein Vikingson.